Anna klar for sin tredje Kjeringi Open!

Anna Isdal Dolmen har allereie meldt seg på Kjeringi Open 2024, og gledar seg «vaorens vidllaste eventyr»

Pappa Hans Kristian meldte meg på for to år sidan, og med to fantastiske opplevingar er eg blitt bitt av «kjeringi-basillen». Difor melde eg meg på Kjeringi Open allereie i midten av februar, fortel Anna.

Anna som er 20 år har vakse opp både på Vestlandet og i Lofoten, elskar naturlivets gleder og ikkjeminst fjella. Med det i bagasjen er Kjeringi Open det perfekte løpet og utruleg gøy, seier Anna. Det er ikkje mange løp du kan vera med på som kombinerer fire ulike disiplinar. Samstundes er det ein fantastisk stemning blant alle som deltek frå fjellet og heilt ned til fjorden, og flinke arrangørar som passar på at alt er på stell. Sjølv om eg stiller som superkjering, så er det så kjekt å vera med på eit løp som alle kan delta på ein eller fleire etapper – der eg ser vennegjengar, bedrifter eller familielag
stiller til start på dei ulike etappane og i alle aldrar.

I år tek eg eit år på Voss folkehøgskule, og håpar å kunne få dratt med ein god kontingent frå skulen
både med superkjeringar og lag. Vi vil også utfordra andre folkehøgskular, som ikkje må gå glipp av den store opplevinga som Kjeringi Open er, den 20 april i år.