Program

Informasjon om Kjeringi Open 2026.
Endeleg program blir lagt ut fredag 10. april!

Fredag 17.april
14.30 – 21.00SAFTEN / LEIKANGER IDRETTSHALL:
– Utdeling av startnummer
– Påmelding til Kjeringi Open
– Informasjon
Laurdag 18. april
08.00 – 09.30SAFTEN / LEIKANGER IDRETTSHALL:
– Utdeling av startnummer
– Påmelding til Kjeringi Open
– Informasjon
KLEPPA
ca. 09.00 Avgang frå Kjeringafjell
3 timar gangtid må påreknast
11.00 – 13.00Skyttelbuss frå Røysa (følg Kleppavegen for å koma til bussen) til Kleppa for dei som skal ha 2. og 3. etappe
HANAHAUG
11.00FOLKEFESTEN PÅ HANAHAUG STARTAR!

– Salstelt frå Intersport Sogndal

– Kiosk med sal av grillmat,kaker, frukt, brus og kaffi

– Speaker som held oss oppdatet på løpet og kva som skjer

– Handbakkonkurranse – kven er «sterkast på Systrond?» Systrening inviterer heile bygdi til å prøva seg og deler inn i ulike klassar.

– Ulike salsbodar.
Vil du stille stand? Kontakt prosjektleiar på erlend@fardallunde.no

11.30 – 12.30KJERINGI OPEN JUNIOR
I samarbeid med Sparebank 1 Sogn og Fjordane inviterer me til junior-sykkelløype for born t.o.m. 4. klasse.

Det er lov med både 2. og 3. hjul, samt støttehjul. Foreldre kan gjerne hjelpe dei minste rundt. Hjelm påbode!

Me deler ut Kjeringi Open Junior t-skjorter og bananer til alle som deltek!

12.30STJERNER I SIKTE
Underhandling med dans og song på scena av born frå 1. – 7. klasse.
13.00Leikanger Fjord Hotel opnar Hotellhagen frå 13.00 og serverer nydeleg pizzameny
13.00OFFISIELL OPNING
Ordførar Stig Ove Ølmheim

Leikanger Musikklag spelar opp til starten på Kjeringi

13.14Fellesstart frå Kjeringafjell
13.15Stjerner i Sikte held fram
15.14Me inviterer til Kjeringavask på Leikanger Fjord Hotel. Alle er velkomne for opning av årets badesesong.

Bestilling av Sauna kan gjerast til post@leikangerfjordhotel.no – minimum 6 personar

15.30Premieutdeling frå scena på Hanahaug

Skyttelbussen til Kleppa startar å gå for dei som skal hente ned att utstyr

LEIKANGER FJORD HOTEL
19.00BANKETT
Hotellet byr på ein innbydande Kjeringi Open-buffet med varme og kalde rettar til kr 495.

Banketten startar klokka 19.00
Banketten melder du deg på til: leikangerfjordhotel@unikehoteller.no

22.00DEN STORE KJERINGI OPEN-FESTEN
DJ Trym sørgjer for musikken og held dansegolvet i gang utover kvelden. Dørene til festen opnar klokka 21.00

Pris kr 249 + avgift.

Funksjonærar på Kjeringi Open frå billetten til kr 150 + avgift.