Deltakarinformasjon

Kjeringi Open 2024 går 20. april. Her finn du all viktig informasjon for deg som deltakar.

Du må gjerne ta kontakt om det er noko du lurer på. Kontaktinfo finn du nederst på sida.

Deltakarpose

Ein hentar deltakarpose med startnummer, brikker, t-skjorte etc. i Saften fredag 19. april kl. 14:30-21:00 eller laurdag 20. april kl. 08:00-09:30.
Det er éin felles pose per lag og individuelle posar for superkjeringar.

Saften/Leikangerhallen: Riverdalen 5, 6863 LEIKANGER. Inngang ved Kiwi og opp to trapper til 3. etasje.

Tidtaking

Laga får ei snor til å feste tidtakarbrikka i og ha rundt halsen. Brikka vert aktivert og knytt til deg/laget ditt ved utlevering. Brikken treng ikkje å aktiverast på start. Pass på at du ikkje bytar om brikka med nokon.

Superkjeringar får ei brikke som skal festast med borrelås til foten. NB. Superkjeringar på lag får dermed to brikkar.

Startnummer skal festast på brystet. Superkjeringar får utdelt to bryst-startnummer, slik at ein kan ha på vindjakke på 1. etappe. Ved kvar veksling vert passeringa registrert automatisk ved passering innanfor merka løype. Ved målpassering skal deltakarane halde plassen sin gjennom målslusa som kontroll. Det er viktig å bevege seg raskt slik at det vert minst mogleg kø.

TO tidtakarsystem

Brikka, som du/laget har hatt med heile vegen ned vert registrert ved alle vekslingsstasjonane og ved mållinja, og registrerer tider og kven du er. For å bli registrert MÅ du gjennom vekslingsstasjonane.

Backup: Her registerer ein rett tid ved målpassering vha. kamera og startnummer.

Ikkje fullført løp eller forfall – MELD FRÅ til løpsleiinga

Løparar som bryt skal melde frå til Røde Kors sitt mannskap som er stasjonert langs løypa, og levere inn brikka i resepsjonen til Leikanger Fjordhotel. Brikker frå deltakar som ikkje startar skal leverast til tidtakingsteamet i mål.

Det er viktig at alle brikkene vert innleverte omgåande for å unngå etterlysing av deltakarar. Viss du er skada eller av annan årsak ikkje kan levere brikka sjølv, syt for at andre gjer det for deg.

Mista brikke / ikkje innleverte brikker

Mister du brikka undervegs i løpet kan du bli diskvalifisert. Startar du utan brikke eller med brikke som ikkje er aktivert, får du inga tid. Finn du ei mista brikke under løpet; ta ho med deg til næraste veksling eller mål. Du må ikkje passera gjennom ein vekslingsstasjon eller i mål med andre brikker enn di eiga! Legg frå deg brikka før vekslingsstasjonen og varsle ein funksjonær. Ikkje innlevert brikke vert fakturert med pris for ny brikke.

Endring av deltakarar

Endringar blant deltakarane etter at startnummerutdelingen stengjer laurdag kl. 09.30 vert ikkje teke omsyn til ved premieutdelinga og det vil vera risiko for diskvalifisering.

Køyring til og frå Kleppa

Bilparkeringa på Kleppa er forbehaldt superkjeringar og deltakarar på 1. etappe og vi oppmodar til samkøyring grunna begrensa kapasitet. Det er ca. 4 km på bilveg frå sentrum opp til Kleppa; følg skilt. Kleppavegen vert stengt ved Elihaug – der som bustadfeltet sluttar – etter at bussen startar køyring til Kleppa kl 11.00.

Dersom du skal køyre bil frå Kleppa til målområdet etter din etappe, skal dette skje bak ”siste” løpar. Dette vert vurdert av parkeringsvaktene. Vi oppmodar lokalkjende til å springe/gå stien om Frækaland i staden for å køyre bil. Stien er merka.

Buss til Kleppa

Det går buss i skytteltrafikk frå Elihaug (700 m ovanfor barneskulen) frå kl 11.00. Denne er for dei som skal til 1. veksling i Damefall og 2. veksling på Kleppa. Parkeringa på Kleppa er forbehaldt deltakarar på 1. etappe.

Etter rennet og premieutdelinga går det skyttelbuss frå Hanehaug til Kleppa frå kl. 15.30 for dei som skal henta bilar og utstyr. Arrangøren fraktar alt utstyret frå 1. og 2. etappe ned til skihytta på Kleppa. Pass på at du merkar utstyret ditt godt med dei utdelte namnelappane. Utstyret må hentast før kl. 18.

Ta med 20 kr per veg per person til bussen.

Drikkestasjonar

Det vert servert saft på Kleppa, ved barneskulen (Syril stadion) og i mål.

Toalett

Det er toalett i skihytta ved start for 3. etappe på Kleppa og i målområdet på venterommet på Hanahaug hurtigbåtkai og på Leikanger Fjordhotel.

Det er ikkje toalett på start for 1., 2. og 4. etappe.

Utstyrslogistikk

I deltakarposen får superkjeringane klistrelappar med startnummer som de merkar utstyret med, og på 1. og 2. veksling er det merka ein bås/knagg med startnummer til kvar utøvar der de byter utstyr. Pass på å ta rett bås. På 3. veksling er det ikkje definerte båsar, men sykkelen skal plasserast langs sidene av traseen i etterkant av tidtakingslina, og ikkje vere til hindre for andre deltakarar.

Superkjeringar må sette frå seg sykkel ved barneskulen, henge frå seg springeskoa på stativ på Kleppa og sjølv bere med seg langrennsskia for 2. etappe opp til vekslingsområdet (2 km).

Skiutstyret frå 1. etappe vert pakka og frakta ned til skihytta på Kleppa av funksjonærar, der utøvarane kan hente det saman med langrennskia etter konkurransen.

Krav til utstyr på dei ulike etappane finn du under Løypa. Meir info om utstyrslogistikk finn du under Henting av utstyr.

Til start

Løparar på 4. etappe møter ved barneskulen/Syril stadion.

1.-3. etappe må ta seg til Kleppa for å komme seg til sine startar. Superkjeringar stoppar innom barneskulen/Syril stadion på veg opp for å sette frå seg sykkel. Frå kl. 11 må ein ta shuttlebussar frå Elihaug til Kleppa (2. og 3. etappe). Sjå info ovanfor.

Gangtider frå Kleppa:
Start 1. etappe (Kjeringafjell): Om lag 3 timar – 8 km, ca. 1000 høgdemeter
1. veksling (Damefall – langrenn): 30 minutt – 2 km, 120 høgdemeter
2. veksling (Kleppa – springing): 0-15 minutt, avhengig av snøforhold

På veg opp til Kjeringafjell passerer ein 1. og 2. veksling.

Frå Damefall og opp til Kjeringafjell følgjer ein traseen for 1. etappe, slik at ein kan studere løypa. Vi oppmodar til å rekne god tid opp til start, spesielt for 1. etappe, slik at ein ikkje slit seg ut allereie før starten går. Ta deg tid til gode pausar undervegs. Er det mykje vind i fjellet er Discohola i botn av bratthenget etter ca. 6 km ein god plass for matpause. Ha med varme og vindtette kle.

Veksling / utstyrsbyte

Veksling skjer innanfor markerte vekslingssoner etter passering av tidtakingsline. Vis omsyn til andre lag og superkjeringar som skal passere; ikkje gå inn i vekslingssona før lagkameraten din er på tur inn. Det er god plass til oppvarming og anna førebuing ved vekslingane. Ved 1. veksling (Damefall) finst løyper ein kan bruke til skitest.

Superkjeringar har sone for utstyrsbyte like etter vekslingssona. Utstyret frå første veksling blir transportert av arrangør ned til Kleppa for henting etter konkurransen. Det er lov å legge igjen kle og anna utstyr i tillegg til ski på veksling, men merk at det er større fare for at utstyr som ikkje er merka med namn kan bli borte.

Meir info om traseen finn du under Løypa

1. etappe – Telemark/Randonee – Start kl. 13:14

Bindingen skal ha hel som kan løftast på vegen opp. På nedfarten er det lov med både fast og laus hel. Born mellom 10 og 14 år kan køyre med slalomski. Høge sko er tillatt. Alle skal ha hjelm på og vindtette/varme klede i ryggsekk.

Ryggsekkene skal vega minst 5 kg, unnateke juniorar mellom 10 og 14 år og superveteran kvinner som skal ha minst 3 kg på ryggen. Ta med plastpose for evt. å etterfylle med snø.

Før start:

  • Ein bør rekne 30 min til førebuingar før start: Ordne utstyr, skifte, spise, gå på do
  • Deltakarane må få sekken kontrollvegd av arrangøren før start. Dette gjerast ved varden på toppen og ein får ei kvittering på sekken.
  • Startoppstillinga skjer i 2-3 rader basert på startnummer (par-/oddetal) og det er skilta på start kva nummer som står i kvar rad. Pass på å stille deg i rett rad.
  • Tidtaking: Det er inga aktivering av brikken på start. Brikken vert kopla til lag/person ved henting av startnummer. Pass på å bruke rett brikke, og gje om mogleg beskjed til arrangør om du har mista/forveksla brikken.

TILLEGGSINFORMASJON FOR 1.etappe

Her vil det komme informasjon når vi vet om vær/føre

2. etappe – Langrenn

Klassisk stil. 

Lagdeltakarar skal stå i tilvist område etter ”mållinja” og vente på 1. etappeløpar. Start for 2.etappe er ved Damefall

Superkjeringar skal setje frå seg langrennsutsyret på oppmerka plass/bås på veg til fjells. Etter fullført 1. etappe, skifter ein til langrennsutstyr. Telemarks/randonee utstyret plasserar ein innafor sin eigen bås. Sekken og hjelmen kan også leggjast att. PS! Du skal også ha hjelm på sykkeletappe.

3. etappe – Springing

Lagdeltakarar skal stå på motsatt side av utstyrstativ for superkjeringar og vente på 2. langrennsdeltakar.Superkjeringar heng frå seg joggesko på oppmerka plass i vekslingsområdet.

Springing nedover Kleppavegen (grusveg), gjennom bustadfeltet (asfalt) og ned til barneskulen/Syril stadion.

Veksling ved Barneskulen

4. etappe – Sykling

Fest sykkelnummeret på styret slik at startnummeret vender framover. Krav om hjelm og breie dekk.

For superkjeringar kan syklane plasserast ved barneskulen frå fredag kveld. Det vert funksjonærar på staden frå kl. 07.30 laurdag morgon.

El-sykkel er lov uten aktiv el-motor. Dei som brukar el-sykkel har ikke lov å bruke el frå batteriet. Bruk av el kan føre til straffetid etter vurdering av jurien

Mål

Etter målpassering fortset slusa i svingar. Du skal sjølv ta med deg sykkelen gjennom slusa.

Hold plassen i køen, den kan vera avgjerande for rekkefølgja på resultatlistene! ”Sniking” kan føra til diskvalifikasjon.

Resultatlister

Resultatlistene som vert brukte ved premieutdelinga inneheld ikkje etappetider. Dei kan også avvika frå dei offisielle resultata som kjem seinare, men rekkefølgja vil vera rett. Straks dei offisielle resultata er klare vert dei lagde ut på: https://kjeringiopen.no

SMS-oppdateringar

Dei som har registrert mobilnummeret sitt ved påmelding vil blant anna få tidene sine på SMS.

PSWinCom / LinkMobility sponsar Kjeringi Open med gratis SMS’ar.

LIVE-oppdateringar: Det vert lagt ut link på kjeringiopen.no for direkte resultat.