Løypa

For å koma til Kleppa køyrer du ca. 4 km på bilveg frå sentrum; følg skilt. Løypa vert fastlagd tett inntil renndagen grunna ver og snøtilhøve. På heimesida legg me ut informasjon om endringar fortløpande. Løypa kan inspiserast frå kl. 18 dagen før løpet. Frå Kleppa er det omlag 3 timar gange til Kjeringafjell. Ta med kle, mat og drikka! På Kjeringafjellet vert sekkane kontrollvegd. Vekslingsområda kan studerast på vegen opp til start, og superkjeringar kan legga frå seg utstyr.

Bileta under er under «oppussing»

1. Etappe – Telemark/ Randonee

Frå Kjeringafjell (1250 moh.) til Damefall (450 moh.) er fallhøgda 750 meter og lengde 6 km. Det er fellesstart for alle klassar kl. 13.14. Kvar 50 – 100 meter er det styreportar i løypa. Normalt vert heile løypa preparert med unntak av bratthenget ned Kjeringafjell. Det er ingen krav til telemarksvinging.

Obligatorisk utstyr:
– Hjelm
– Ryggsekk – minimum 5 kg (10 – 14 år og superveteran damer: 3 kg sekk)
– Binding med hel som kan løftast (kan ha fast hel på nedfarten) – telemark-, randoneebinding eller gåadapter til alpinski.

2. Etappe –Langrenn

Fra Damefall (450 moh til Kleppa 400 moh)

Det vert oppkjørt langrennsløype mellom Damefall og Kleppa. Mellom 3-5 km (meir nøyaktig distanse vil komme når ein veit vær/føre). Det vert veksling ved skihytta til Syril nede på Kleppa. Heile løypa vert merka.

Utstyr:
Langrennski, langrennstavar,

3. Etappe – Springing

Frå Kleppa (400 moh.) til Syril Stadion (100 moh.) er fallhøgda 300 moh. og lengda 4 km.

Utstyr:
Me anbefalar gode joggesko.

4. Etappe – Sykling

Frå Syril Stadion (100 moh.) til Hanahaug (3 moh.) er fallhøgda 100 meter og lengda 8 – 10 km. Merka løypa skal følgjast.

Utstyr:
Hjelm

Mål:

På Hanahaug ved Leikanger Fjord Hotel.

Deltakarane får saft frå Lerum og bananer frå Bama.

Kiosk og ulike salsbodar.

Servering i hotelhagen.

Sogn Fjordsymjeklubb inviterar til fjordplask og kjeringvask kl. 15:14.

Underhaldning og premieutdeling frå scena.