Deltakarinformasjon
Kjeringi Open 2025 går laurdag 26. april. Her finn du all viktig informasjon for deg som deltakar.
Du må gjerne ta kontakt om det er noko du lurer på. Kontaktinfo finn du nederst på sida.
Deltakarpose
Ein hentar deltakarpose med startnummer, brikker, t-skjorte etc. i Saften fredag 25. april kl. 14:30-21:00 eller laurdag 26. april kl. 08:00-09:30.
Det er éin felles pose per lag og individuelle posar for superkjeringar.
Saften/Leikangerhallen: Riverdalen 5, 6863 LEIKANGER. Inngang ved Kiwi og opp to trapper til 3. etasje.
Tidtaking
Laga får ei snor til å feste tidtakarbrikka i og ha rundt halsen. Brikka vert aktivert og knytt til deg/laget ditt ved utlevering. Brikken treng ikkje å aktiverast på start. Pass på at du ikkje bytar om brikka med nokon.
Superkjeringar får ei brikke som skal festast med borrelås til foten. NB. Superkjeringar på lag får dermed to brikkar.
Startnummer skal festast på brystet. Superkjeringar får utdelt to bryst-startnummer, slik at ein kan ha på vindjakke på 1. etappe. Ved kvar veksling vert passeringa registrert automatisk ved passering innanfor merka løype. Ved målpassering skal deltakarane halde plassen sin gjennom målslusa som kontroll. Det er viktig å bevege seg raskt slik at det vert minst mogleg kø.
Tidtakarsystem
Brikka, som du/laget har hatt med heile vegen ned vert registrert ved alle vekslingsstasjonane og ved mållinja, og registrerer tider og kven du er. For å bli registrert MÅ du gjennom vekslingsstasjonane. Dersom ein ikkje føl instruksjonane ved veklsing kan det føre til at tid ikkje blir korrekt registrert.
Ikkje fullført løp eller forfall – MELD FRÅ til løpsleiinga
Løparar som bryt skal melde frå til Røde Kors sitt mannskap som er stasjonert langs løypa, og levere inn brikka til tidtakingsteamet i mål. Brikker frå deltakar som ikkje startar skal også leverast til tidtakingsteamet i mål.
Det er viktig at alle brikkene vert innleverte omgåande for å unngå etterlysing av deltakarar. Viss du er skada eller av annan årsak ikkje kan levere brikka sjølv, syt for at andre gjer det for deg.
Mista brikke / ikkje innleverte brikker
Mister du brikka undervegs i løpet kan du bli diskvalifisert. Startar du utan brikke eller med brikke som ikkje er aktivert, får du inga tid. Finn du ei mista brikke under løpet; ta ho med deg til næraste veksling eller mål. Du må ikkje passera gjennom ein vekslingsstasjon eller i mål med andre brikker enn di eiga! Legg frå deg brikka før vekslingsstasjonen og varsle ein funksjonær. Ikkje innlevert brikke vert fakturert med pris for ny brikke.
Endring av deltakarar
Endringar blant deltakarane etter at startnummerutdelingen stengjer laurdag kl. 09.30 vert ikkje teke omsyn til ved premieutdelinga og det vil vera risiko for diskvalifisering.
Køyring til og frå Kleppa
Bilparkeringa på Kleppa er forbehaldt superkjeringar og deltakarar på 1. etappe og vi oppmodar til samkøyring grunna begrensa kapasitet. Det er ca. 4 km på bilveg frå sentrum opp til Kleppa; følg skilt. Kleppavegen vert stengt ved Elihaug – der som bustadfeltet sluttar – etter at bussen startar køyring til Kleppa kl 11.00.
Dersom du skal køyre bil frå Kleppa til målområdet etter din etappe, skal dette skje bak ”siste” løpar. Dette vert vurdert av parkeringsvaktene. Vi oppmodar lokalkjende til å springe/gå stien om Frækaland i staden for å køyre bil. Stien er merka.
Buss til Kleppa
Det går buss i skytteltrafikk frå Elihaug (700 m ovanfor barneskulen) frå kl 11.00. Denne er for dei som skal til 1. veksling i Damefall og 2. veksling på Kleppa. Parkeringa på Kleppa er forbehaldt deltakarar på 1. etappe.
Etter rennet og premieutdelinga går det skyttelbuss frå Hanehaug til Kleppa frå kl. 15.30 for dei som skal henta bilar og utstyr. Sjå meir info under Utstyrslogistikk.
Bussbilletten betalast med VIPPS. Kr 30 til nummer 805150
Drikkestasjonar
Det vert servert saft ved 2.veksling på Kleppa, ved 3. veksling på Barneskulen/Syril stadion og etter målgang på Hanahaug.
Toalett
Det er toalett i skihytta ved start for 3. etappe på Kleppa og i målområdet på venterommet på Hanahaug hurtigbåtkai og på Leikanger Fjordhotel.
Det er ikkje toalett på start for 1., 2. og 4. etappe.
Utstyrslogistikk
I deltakarposen får superkjeringane klistrelappar med startnummer som de merkar utstyret med. På 1. og 2. veksling har superkjeringar ei sone for utstyrsbyte i eit avdelt område der de byter utstyr, sorterer og leggjer att utstyr. På 3. veksling skal sykkelen plasserast langs sidene av traseen i etterkant av tidtakingslina, og ikkje vere til hindre for andre deltakarar.
Superkjeringar må sette frå seg sykkel ved barneskulen, henge frå seg springeskoa på stativ på Kleppa og sjølv bere med seg langrennsskia for 2. etappe opp til vekslingsområdet (2 km).
Krav til utstyr finn du under informasjon om dei ulike etappane lenger ned.
Utstyrsvakt
1.veksling (Damefall/Kalbakk): Utstyret frå første veksling, som er lagt i sone for utstyrsbyte blir transportert av arrangør ned til Kleppa for henting etter konkurransen. Det er lov å legge igjen kle og anna utstyr i tillegg til ski på veksling, men merk at det er større fare for at utstyr som ikkje er merka med namn kan bli borte. Me anbefalar at de legg dette opp i sekken. I 2025 blir dette frakta med helikopter. Superkjeringar må difor leggje alt av hanskar, skibriller med meir i sekken og lukke den for sikrast mogleg transport.
Kleppa: Det er vakter på vekslingstasjon Kleppa laurdag frå rennet sluttar og til kl.18.00.
Barneskulen/Syril stadion: Det er vakter utplassert frå kl. 07.30 laurdag morgon til siste deltakar har teke fatt på siste etappen.
Henting av utstyr
Det går skyttelbuss frå Hanahaug til Kleppa frå kl. 15.30 laurdagen for dei som skal henta utstyr på Kleppa. Arrangøren fraktar alt utstyr (som er plassert i tråd med instruksjonar) frå 1. og 2. etappe ned til skihytta på Kleppa. Pass på at du merkar utstyret ditt godt med dei utdelte namnelappane. Utstyret må hentast før kl. 18. Utstyret MÅ hentast før kl. 18 arrangementsdagen.
Finn du det ikkje att?
Dersom du etter løpet ikkje finn att noko av utstyret ditt, sender du epost og oppgir startnummer til kjeringi@gmail.com. Vi tek vare på attgløymd utstyr. Hugs å merke kle og utstyr godt!
Til start
1.-3. etappe må ta seg til Kleppa for å komme seg til sine startar. Superkjeringar stoppar innom barneskulen/Syril stadion på veg opp for å sette frå seg sykkel. Frå kl. 11 må ein ta shuttlebussar frå Elihaug til Kleppa (2. og 3. etappe). Sjå info ovanfor.
Løparar på 4. etappe møter ved barneskulen/Syril stadion.
Gangtider frå Kleppa:
Start 1. etappe (Kjeringafjell): Om lag 3 timar – 8 km, ca. 1000 høgdemeter
1. veksling (Damefall – langrenn): 30 minutt – 2 km, 120 høgdemeter
2. veksling (Kleppa – springing): 0-15 minutt, avhengig av snøforhold
På veg opp til Kjeringafjell passerer ein 1. og 2. veksling.
Frå Damefall og opp til Kjeringafjell følgjer ein traseen for 1. etappe, slik at ein kan studere løypa. Vi oppmodar til å rekne god tid opp til start, spesielt for 1. etappe, slik at ein ikkje slit seg ut allereie før starten går. Ta deg tid til gode pausar undervegs. Er det mykje vind i fjellet er Discohola i botn av bratthenget etter ca. 6 km ein god plass for matpause. Ha med varme og vindtette kle.
Veksling
Veksling skjer innanfor markerte vekslingssoner etter passering av tidtakingsline. Vis omsyn til andre lag og superkjeringar som skal passere; ikkje gå inn i vekslingssona før lagkameraten din er på tur inn. Det er god plass til oppvarming og anna førebuing ved vekslingane. Ved 1. veksling (Damefall) finst løyper ein kan bruke til skitest.
Løypa vert fastlagd tett inntil renndagen ut frå vêr og snøtilhøve. Informasjon om vêrtilhøve og endringar vert fortløpande lagt ut på nettsida og Facebook. Løypa kan inspiserast frå kl. 18 dagen før løpet.
1. etappe – Telemark/Randonee – Start kl. 13:14
Bindingen skal ha hel som kan løftast på vegen opp. På nedfarten er det lov med både fast og laus hel. Born mellom 10 og 14 år kan køyre med slalomski. Høge sko er tillatt. Alle skal ha hjelm på og vindtette/varme klede i ryggsekk.
Ryggsekkene skal vega minst 5 kg, unnateke juniorar mellom 10 og 14 år og superveteran kvinner som skal ha minst 3 kg på ryggen. Ta med plastpose for evt. å etterfylle med snø.
Før start:
- Ein bør rekne 30 min til førebuingar før start: Ordne utstyr, skifte, spise, gå på do
- Deltakarane må få sekken kontrollvegd av arrangøren før start. Dette gjerast ved varden på toppen og ein får ei kvittering på sekken.
- Startoppstillinga skjer i 2-3 rader basert på startnummer (par-/oddetal) og det er skilta på start kva nummer som står i kvar rad. Pass på å stille deg i rett rad.
- Tidtaking: Det er inga aktivering av brikken på start. Brikken vert kopla til lag/person ved henting av startnummer. Pass på å bruke rett brikke, og gje om mogleg beskjed til arrangør om du har mista/forveksla brikken.
Frå Kjeringafjell (1314 moh.) til Damefall (500 moh.) er fallhøgda drøye 800 meter og lengda over 6 km. Det er fellesstart for alle klassar på toppen kl. 13:14. Første stykket er det ganske flatt og her kan ein tene mykje tid på å stake eller skøyte effektivt. Med 50-100 meter mellomrom er det styreportar i løypa. Normalt vert heile løypa preparert med unntak av ca. 500 m i bratthenget ned Kjeringafjell. Det er ikkje krav til telemarksvinging.
TILLEGGSINFORMASJON FOR 1.etappe
I 2025 vil vekslinga etter 1.etappe bli flytta frå Damefall til Kalbakk. Dei siste 200 meter må deltakar springe i mål. Dersom ein ønskjer at utstyret skal fraktast ned til Kleppa med helikoptertransport må dette leggjast att i sone for utstyrsbyte. Om du vel å leggje frå deg utstyret der snøen sluttar er du sjølv ansvarleg for å få utstyret henta att. Kjeringi Open tek ikkje ansvar for eventuelt tap eller skade som utstyr som følgje av dette.
2. etappe – Langrenn / Terrengløp
Terrengløp frå Kalbakk til Kleppa. 2.etappen er normalt langrenn, men det er ikkje mogleg i år på grunn av snømangel. All standardinformasjon om langrennsski som eventuelt ligg att i deltakarinformasjon eller på kjeringiopen.no må sjåast vekk frå i 2025.
TILLEGGSINFORMASJON FOR 2.ETAPPE
I 2025 vil langrennsetappen verta omgjort til terrengløp. Vekslingsstasjonen er på Kalbakk og løypa blir lagt raskaste veg til Kleppa, cirka 3 km.
3. etappe – Springing
Lagdeltakarar skal stå på motsatt side av utstyrstativ for superkjeringar og vente på 2. langrennsdeltakar.Superkjeringar heng frå seg joggesko på oppmerka plass i vekslingsområdet.
Springing nedover Kleppavegen (grusveg), gjennom bustadfeltet (asfalt) og ned til barneskulen/Syril stadion. Frå Kleppa (400 moh.) til Syril Stadion (100 moh.) er fallhøgda 300 m og lengda ca. 4 km. Underlaget er ca. 60 % grus og 40 % asfalt.
Utstyr: Me anbefalar gode joggesko.
Veksling ved Barneskulen/Syril Stadion
4. etappe – Sykling
Fest sykkelnummeret på styret slik at startnummeret vender framover. For superkjeringar kan syklane plasserast ved barneskulen frå fredag kveld. Det vert funksjonærar på staden frå kl. 07.30 laurdag morgon.
Frå Syril Stadion (100 moh.) til Hanahaug (2 moh.) er fallhøgda 100 meter og lengda 8-10 km. Løypa går i hovudsak på veg med grus- og asfaltdekke, med nokre parti over jorde og gjennom frukthagar. Merka løypa skal følgjast.
Obligatorisk utstyr: Hjelm og sykkel med breie dekk
Vi anbefalar sykkel med dekk som har godt grep. Landevegssykkel eller andre syklar med smale dekk og/eller bukkastyre er ikkje tillate. El-sykkel er ikkje tillate. Bruk av utstyr som ikkje er tillate vil medføre diskvalifikasjon.
Mål
Etter målpassering fortset slusa i svingar. Du skal sjølv ta med deg sykkelen gjennom slusa. I slusa vil du også bli bedt om å levere tilbake sykkelskilt, det står funksjonærar klar til å klyppe dei av.
Hold plassen i køen, den kan vera avgjerande for rekkefølgja på resultatlistene! ”Sniking” kan føra til diskvalifikasjon.
Resultatliste og live oppdateringar
Ved målgang blir det utlevert diplom til superkjeringar og lag som inneheld etappetider.
Dei som har registrert mobilnummeret sitt ved påmelding vil blant anna få tidene sine på SMS. PSWinCom / LinkMobility sponsar Kjeringi Open med gratis SMS’ar.
LIVE-oppdateringar: Det vert lagt ut link på kjeringiopen.no for direkte resultat.
Premieutdeling
Premieutdeling skjer på scena frå klokka 15.30