Og både «ho» og Leikanger frå fjord til fjell er klar for å ta i mot dykk 17. april 2021.

Som i dei fleste åra i samband med slo vergudane til med eit fantastisk ver når Kjeringi Open vart tidfesta til den 18. april 2020

Løypa vart køyrt opp på toppen, og fleire tok turen til toppen av Kjeringi – både på Kjeringi Open-dagen og dagen derpå.

For nokre av oss som har hatt den gleda å rigga til start i føregåande 26 åra vart det ein spesiell dag, men det var flott å vera på toppen og «klargjera energi» for neste år.

Det er lenge til – men det er berre å setje av 17. april 2021 – kryssa fingrane og håpa at alt er attende til normalen.

I mellomtida får de nyta bileta frå toppen og nokre glimt frå turen nedover. Vii oppfordrar de som bur i nærområdet om å ta turen ein av dagane for å få med dykk turen opp på Kjeringi og oppleva den flotte reisa ned att «FRAO FJEDLE TE’ FJORDEN».