Løypeendringar KO2025
Kjeringi Open hadde måndag 21. april eit nyttig og viktig avklaringsmøte med Røde Kors knytt til gjennomføring av årets løp. Snømangelen byr på utfordringar, men i fellesskap har me no funne løysingar som sikrar gjennomføring og sikkerheit for deltakarane.
Følgjande endringar blir difor gjort i 2025-utgåva sin løyeptrasé:
- 1.etappen vil ha målgang/veksling på Øvre Stokksete, cirka 100 meter under Kalbakksvingen. Snøgrensa vil liggje noko høgare slik at ein spring dei siste 100-200 meter inn til veksling. Dette området har også tilstrekkeleg signal med tanke på tidtakinga. Kjeringi Open-nestorane Roar Werner Vangsnes og Karl Erik Johnsen har synfart nedfarten frå Kjeringafjell og har sett seg ut korleis løypa skal stikkast, dette skjer torsdag.
- 2.etappen endrast frå langrenn til terrengløp. Det er ikkje snø til gjennomføring av langrenn. Etappen vil då gå frå nemnte plassering i punkt over, raskaste veg direkte til Kleppa. Etappen vil vera på 3,5 – 4 km. Det er til vurdering om vekslingsstasjon skal flyttast til Husabøstølen, men førebels er det landa på Kleppa.
- Transport av utstyr frå 1.vekslingstasjon til Kleppa er spesielt krevjande i år sidan det ikkje er snø og me ikkje kan nytte snøskuter som vanleg. Me har difor fått avklart med Sogndal kommune at dette kan løysast med helikoptertransport som hengande last med landing på parkeringsplassen på Kleppa. Alle detaljar er ikkje på plass, men me vil koma tilbake til dette i god tid før helgi.
Endeleg deltakarinformasjon vert sendt ut og klargjort etter at Kjeringi Open har gjennomført funksjonærsamlinga tysdag kveld. Det er viktig for oss å få drøfta all informasjon med frivillige og henta innspel frå både dei og grunneigarar.
Spørsmål rettast til prosjektleiar Erlend Fardal Lunde på erlend@fardallunde.no.