Erlend held fram som prosjektleiar for Kjeringi Open 2026


Erlend Fardal Lunde frå Sognefjord Event er igjen engasjert som prosjektleiar for Kjeringi Open, og skal leie arbeidet fram mot arrangementet 18. april 2026.

– 2025 vart eit heilt spesielt år med snømangel og tidenes første helikopterfrakt av utstyr. Likevel landa me på beina og fekk gjennomført eit arrangement i strålande vær. No gler eg meg til å halde fram og vidareutvikle «vårens vidlaste eventyr» saman med Syril og alle frivillige krefter, seier Erlend.

KO-general Roar Werner Vangsnes meiner kontinuiteten er avgjerande:

– At Erlend held fram gir oss styrke til å bygge vidare. Han har no lært arrangementet å kjenna gjennom eit «prøveår», og me veit han har både energi og struktur til å lose oss trygt inn i 2026.

Nestleiar i Syril, Sindre Ramung, løftar fram breidda i arrangementet:

– Kjeringi Open er ein fest som samlar heile bygda. Med Erlend på laget får me kombinert idrettsglede, næringsliv og frivillige på ein måte som gjer at me framleis kan vere eit av dei mest unike arrangementa i regionen.

Kjeringi Open har vore arrangert sidan 1993, og er eit quadratlon med fire etappar: fjellski, langrenn, springing og sykling. Ein kan delta som lag eller gjennomføre alle etappane åleine. Løpet samlar hundrevis av deltakarar i ulike klassar – frå eliteløparar til mosjonistar – og vert omtalt som «vaorens vidlaste eventyr».