Utvida t-skjortefrist til 25.mars
Me har godsnakka med Reidar og Stig på Intersport og fått utvida t-skjortefristen til onsdag 25. mars!
Det er per no rett i underkant av 200 påmelde deltakarar til Kjeringi Open 2026 i form av 66 superkjeringar og 33 lag. Det er ekstra gledeleg å sjå at det i junoprklassen er påmeldt heile 18 lag 11 superkjeringar. Det er ein solid auke frå eit allereie råsterkt år i fjor med born og unge som deltakarar, med hovudvekten av deltakarar frå barneskulen.
Arrangøren er positiv med tanke på årets løp og har god dialog med Røde Kors med tanke på ei trygg og god gjennomføring basert på mange alternative planar med utgangspunkt i snøforholda.
28 dagar att til vaorens vidlaste!


