Erlend klar for Kjeringi Open

Erlend Fardal Lunde er engasjert som prosjektleiar for Kjeringi Open 2025.
Han er allereie i gang med arbeidet og gledar til å få gjennomført «vaorens vidlaste eventyr» i 2025, saman med Syril.
Det blir spennande å vera ein del ein av dei lengstlevande idrettsarrangementa i regionen og som framleis har det største potensiale, seier Erlend.
Vi er glade for at Erlend blir med oss på laget, seier Karl Erik Johnsen.
Erlend er ein bygdagut frå Systrond som var med i idrettslaget i yngre dagar. Han har gjennom mange år bygd kunnskap og kompetanse knytt til arrangement som vi kan nytta på beste måte når Kjeringi Open skal arrangerast i 26 april 2025.
Skal Kjeringi Open overleve, må idrettslaget ha ein prosjektleiar. Vi trur Erlend kan vere med å tilføre Syril kunnskap og gjennomføringskraft som arrangementet treng inn i framtida, avsluttar Vangsnes.