Påmeldinga til Kjeringi Open 2027 opnar fredag kl. 20.00
Laurdag 17. april 2027 er det klart for vaorens vidlaste eventyr på Leikanger. Påmeldinga opnar fredag 6. november kl. 20.00!
Samle laget, utfordre kollegaene eller ta alle etappane sjølv som superkjering. Me gler oss til å sjå dykk att frå fjell til fjord!
Early Bird fram til nyttår
Til og med 31. desember 2026 får du melde deg på til same startkontingent som i 2026. Frå 1. januar gjeld dei ordinære prisane for 2027.
Early Bird-prisen er 500 kroner for junior som superkjering og 700 kroner for senior, veteran og superveteran. For lag utan superkjering er prisen 1 200 kroner i juniorklassen og 1 600 kroner i dei andre aldersklassane.
Sjå heile prisoversikta for lag med superkjering og tillegg for bedriftsklassane.
Nytt påmeldingssystem
I år tek me i bruk ei ny påmeldingsløysing der du kan redigere eiga påmelding. Finn fram laget og gjer deg klar!
Påmeldinga opnar fredag 6. november 2026 kl. 20.00. Påmeldingslenkja blir tilgjengeleg på påmeldingssida når me opnar.
Me sjaoast 17. april!


