Slinde blir ein av våre største samarbeidspartnarar!

Slinde Kran & Transport er ein aktiv gjeng og har lang erfaring med deltaking og som samarbeidspartnar. I 2025 blir dei Hovudsponsor og stiller med 12 deltakarar!
Eit godt døme for andre bedrifter. Slinde gir oss eit godt økonomisdk bidrag i 2025, og bidreg med konkurransevilje og glede frå fjell til fjord, seier prosjektleiar Erlend Fardal Lunde.
Før 2025-utgåva har Kjeringi Open strukturert opp sponsornivåa og fått på plass fleire samarbeidspartnarar. Slinde er saman med Intersport og Sparebank 1 Sogn og Fjordane dei tre største bidragsytarane til Kjeringi Open 2025.
Slinde Kran & Transport arbeidar med spesialtransport, kranbil og har daglege ruter mellom Austlandet og Sogn. Dei syt for rask og rimeleg frakt for både bedrifter og privatpersonar. Uansett om du har ein stor eller liten pakke så ordnar dei kva som helst.
Kjeringi Open gler seg til samarbeidet og ønskjer lukke til i løypa!