Oppføringar av Erlend Fardal Lunde

Trekning Kjeringi Open-lotteriet 2026

  Vinnarane av lotteriet for 2026 finn du her. Alle vinnarar er kontakta. Spørsmål kan rettast til Joakim Urdahl på joakim.urdahl@gmail.com Nr Sponsor Premie Vinnar 1 SGN Ski Jostedalen 163sm mod. 23/24 Guro Bøyum 2 Lindbak Canon printer Daniel Neset 3 Fjørarock Festivalpass Fjørarock 23. og 24. mai Rune Njøs 4 Solheim Varme & Røyrservice […]

VIKTIG! Terrengløp erstattar langrenn

Torsdag 16. april vart det avgjort å endre 2.etappe frå langrenn til terrengløp. Det har smelta meir snø enn me antok og har difor hatt nye daglege vurderingar denne veka. Deltakarinformasjon på kjeringiopen.no er oppdatert med korrekt informasjon og dette er også den versjonen som er skriven ut og lagt i deltakarposar. Det er viktig […]

Avgjersle om 2.etappe blir teke søndag

Me får mange spørsmål knytt til om det blir langrenn eller terrengløp på 2.etappe under årets utgåve av Kjeringi Open. Styret i Kjeringi Open vil saman med Røde Kors ta endeleg avgjersle på trasevalg, plassering av vekslingsstasjon og om det blir langrenn på 2.etappen i eit fellesmøte på kvelden søndag 12. april. Det er forståing […]

Utvida t-skjortefrist til 25.mars

Me har godsnakka med Reidar og Stig på Intersport og fått utvida t-skjortefristen til onsdag 25. mars! Det er per no rett i underkant av 200 påmelde deltakarar til Kjeringi Open 2026 i form av 66 superkjeringar og 33 lag. Det er ekstra gledeleg å sjå at det i junoprklassen er påmeldt heile 18 lag […]

Erlend held fram som prosjektleiar for Kjeringi Open 2026

Erlend Fardal Lunde frå Sognefjord Event er igjen engasjert som prosjektleiar for Kjeringi Open, og skal leie arbeidet fram mot arrangementet 18. april 2026. – 2025 vart eit heilt spesielt år med snømangel og tidenes første helikopterfrakt av utstyr. Likevel landa me på beina og fekk gjennomført eit arrangement i strålande vær. No gler eg meg […]

Stjerner i Sikte

Går du på Barneskulen og har ein draum om å bli artist? Det er framleis tid att for å melda seg på årets utgåve av «Stjerner i Sikte» på Hanahaug! Laurdag 26. april har du sjansen til å “bli” ein av dine musikkidol. Kjeringi Open inviterer alle frå 1. – 7. klasse til å delta […]

Løypeendringar KO2025

Kjeringi Open hadde måndag 21. april eit nyttig og viktig avklaringsmøte med Røde Kors knytt til gjennomføring av årets løp. Snømangelen byr på utfordringar, men i fellesskap har me no funne løysingar som sikrar gjennomføring og sikkerheit for deltakarane. Følgjande endringar blir difor gjort i 2025-utgåva sin løyeptrasé: 1.etappen vil ha målgang/veksling på Øvre Stokksete, […]