VIKTIG! Terrengløp erstattar langrenn
Torsdag 16. april vart det avgjort å endre 2.etappe frå langrenn til terrengløp. Det har smelta meir snø enn me antok og har difor hatt nye daglege vurderingar denne veka.
Deltakarinformasjon på kjeringiopen.no er oppdatert med korrekt informasjon og dette er også den versjonen som er skriven ut og lagt i deltakarposar. Det er viktig at de set dykk godt inn i den oppdaterte informasjonen frå 1.veksling og 2.etappe, som også er limt inn her:
TILLEGGSINFORMASJON FOR 1.etappe
I 2026 vil vekslinga etter 1.etappe vera tilbake på Damefall. Den siste delen må ein ta av ski og springe inn til vekslingsstasjon. For å redusere farten er det satt opp ei «sluse» med alpingjerde.

Dersom ein ønskjer at utstyret skal fraktast ned til Øvstestølen må dette leggjast att i sone for utstyrsbyte på veklsingsstasjon. Om du vel å leggje frå deg utstyret der snøen sluttar er du sjølv ansvarleg for å få utstyret henta att. Me ber dykk om å kaste utstyret vekk frå løypa! Kjeringi Open tek ikkje ansvar for eventuelt tap eller skade på utstyr som følgje av at ein ikkje tek det til vekslingsstasjonen.
2.ETAPPE LANGRENN
Terrengløp frå Damefall til Øvstestølen. 2.etappen er normalt langrenn, men det er ikkje mogleg i år på grunn av snømangel. Terrengløpet blir raskaste veg ned, på lyng og snø. All standardinformasjon om langrennsski som eventuelt ligg att i deltakarinformasjon eller på kjeringiopen.no må sjåast vekk frå i 2026.
TILLEGGSINFORMASJON FOR 2.ETAPPE
I 2026 vil langrennsetappen verta omgjort til terrengløp. Vekslingsstasjonen er på Damefall og løypa blir lagt raskaste veg på lyng og snø til Øvstestølen, cirka 1 km.














