Sparebank 1 Sogn og Fjordane med solid støtte

Sparebank 1 Sogn og Fjordane har vore ein av våre viktigaste bidragsytarar frå fjell til fjord sidan 1993. For Kjeringi Open 2025 aukar dei støtta si og bidreg med kr 50.000

Kjeringi Open er avhengig av sterk frivilligheit og gode samarbeidspartnarar for å kunne skapa minneverdige augeblikk kvart einaste år. Saman med Sparebank 1 Sogn og Fjordane har me gjennomført Kjeringi Open Junior på Hanahaug til stor glede for born og unge.

Laila Ruud i Sparebank 1 Sogn og Fjordane gler seg til arrangementet:

Sparebank 1 Sogn og Fjordane, som er stolt sponsor for Idrettslaget Syril, har vore ein støttespelar til Kjerringi Open i mange år. Dette er eit flott arrangement for heile bygda og det er truleg kjekt for oss å få vera med og arrangera Kjeringi Open Junior.

Me i banken dukkar nok opp i år óg, og kanskje kjem Kåre Bjørn og Ekorn Elin på besøk? Me ønskjer Kjeringi Open masse lukke til med arrangementet.

Kjeringi Open takkar for at Sparebank 1 Sogn og Fjordane aukar sitt bidrag til arrangementet vårt og me ser fram til eit fortsatt sterkt og godt samarbeid!

Intersport Sogndal er vår nye generalsponsor

Kjeringi Open er glade for å annonsere at Intersport Sogndal blir vår nye generalsponsor. Avtale strekk seg over tre år, til og med Kjeringi Open i 2027.

Me er takksame for at Intersport Sogndal ser verdien av å bidra til vidareutvikling av vårt unike arrangement, slik at me i åra framover også kan uttrykka at me har konkurret frå fjell til fjord sidan 1993.

Intersport vil vera godt synlege under løpet, mellom anna med logo på startnummer og med stand i målområdet på Hanahaug. Du skal heller ikkje sjå vekk frå at det vil koma ut gode tilbod til deg som deltakar i forkant!

Kjeringi Open ser fram til eit sterkt og godt samarbeid med Stig, Reidar og resten av den fantastiske gjengen på Intersport.

Påmeldinga er opna!

Tradisjon tru opnar me for påmelding før nyttår! Vaorens vidlaste eventyr blir laurdag 26. april 2025.

T-skjortefristen er sett til 1.mars. Meld deg på no for å få den legendariske Kjeringi Open-skjorta gratis.

Påmeldingsskjema finn du her

Godt Nytt År frå alle oss i Kjeringi Open!

Erlend klar for Kjeringi Open

Erlend Fardal Lunde er engasjert som prosjektleiar for Kjeringi Open 2025.

Han er allereie i gang med arbeidet og gledar til å få gjennomført  «vaorens vidlaste eventyr» i 2025, saman med Syril. 

Det blir spennande å vera ein del ein av dei lengstlevande idrettsarrangementa i regionen og som framleis har det største potensiale, seier Erlend.

Vi er glade for at Erlend blir med oss på laget, seier Karl Erik Johnsen. 

Erlend er ein bygdagut frå Systrond som var med i idrettslaget i yngre dagar. Han har gjennom mange år bygd kunnskap og kompetanse knytt til arrangement som vi kan nytta på beste måte når Kjeringi Open skal arrangerast i 26 april 2025. 

Skal Kjeringi Open overleve, må idrettslaget ha ein prosjektleiar. Vi trur Erlend kan vere med å tilføre Syril kunnskap og gjennomføringskraft som arrangementet treng inn i framtida, avsluttar Vangsnes.

Vinnarar av Kjeringi Open-lotteri

Anna klar for sin tredje Kjeringi Open!

Anna Isdal Dolmen har allereie meldt seg på Kjeringi Open 2024, og gledar seg «vaorens vidllaste eventyr»

Årets logo og plakat er klar!

Kjeringi Open gjev seg ikkje etter 30 år! Vi er klare for 30 nye, og glade for å presentere årets plakat og logo, designa av Kjersti Isdal.

I år er det den flotte vårsola i bakkane opp Kjeringafjell som er motiv, med kjeringi i godt driv ned bratthenget.

Som alltid ønskjer vi alle erfarne og ferske deltakarar velkomne til eit nytt år med Kjeringi Open, til vennleg kappestrid og ei herleg utfordring i vårsola på Leikanger. Å vinne i Kjeringi Open handlar ikkje alltid om å komme først ned av fjellet, men om å utfordra seg sjølv og andre og ha ein fantastisk dag i lag!

I år som før kan du sikre deg den flotte t-skjorta med Kjeringi-motivet om du melder deg på før 24. mars, så få med deg vennar og kollegaar og meld deg på så snart som råd!

PÅMELDING

Sjå kven som er påmeldte her!

Informasjon om Kjeringi Open-løypa 2019

Program KO 2019